slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards


 

LOSNA-ÆTTA

Jo Rune Ugulen, Bergen, skriver i et innlegg i Brukerforum i Digitalarkivet den 16.09.2004:


Sidan eg har lenge hatt liggjande eit utkast til eit lite arbeid om dette, kan eg jo ta eit utsnitt her. Eg vil samstundes gjera merksam på at eg forventar at folk som vil bruka dette i andre samanhengar sjølvsagt må gjera det, men eg vil gjerne krediterast for det arbeidet eg har lagt ned her.

Kven som var far til desse Matssønene har heile tida vore uvisst. Steinnes viser til at både Danmarks Adels Aarbog og Anton Espeland gissa på at denne Mats var ein son av riksråden Samson Filippusson, men han tek sjølv avstand frå denne tanken. Mot slutten av artikkelen sin kjem så Steinnes med si hypotese om kven far til Matssønene kan ha vore. I mangel av høvande personar nemnte i det eksisterande kjeldematerialet, set han her fram hypotesa om at far til Matssønene skulle vera ein elles ukjend Mats Amundsson, bror til lagmannen Erik Amundsson i Trondheim (n. 1458-1497) [Steinnes gissar vidare på at ein tredje bror var væpnaren Anders Amundsson av Holter-ætta (n. 1481-1513) trass i at han førte eit anna våpen enn Erik Amundsson og dei to Matssønene Tord og Fartegn. Denne hypotesa vert avvist av Anders Bjønnes, (1960–) et al., «Semeleng-ætten i Valdres og Losna-ætten i Sogn. Problemer og drøfting,» Norsk slektshistorisk tidsskrift 34 (1994): s. 164-202]. Steinnes tek likevel atterhald om denne slutnaden, og seier sjølv på side 345: «Noko avgjerande prov på at dette er rett, kan eg ikkje gje. Eg set tanken fram nærast som ein arbeidshypotese til bruk for andre som måtte ha interesse av å arbeida vidare med problemet.» Det som er mest overraskande i heile artikkelen til Steinnes, er det faktum at han ikkje diskuterer andre personar med namnet Mats som kronologisk kan høva som far til Matssønene. Det finst fleire potensielle kandidatar som eg skal koma attende til nedanfor.

Hypotesa om at Matssønene kan ha vore brorsøner til lagmann Erik Amundsson, vert også støtta i den neste artikkelen som tek føre seg denne ætta på eit skikkeleg grunnlag . Men atterhalda her er dei same som hjå Steinnes: «Amund kan ha hatt en sønn Mats (på grunn av våpenlikheten mellom Erik Amundsson og Tord Matsson), som ellers er ukjent, far til Tord, Fartegn, Sjurd, Samson og Olav Matssønner (Matssønnenes ætt), fem samborne brødre, alle av våpen.»

Felles for begge desse arbeida er at forfattarane ikkje har funne nokon Mats nemnt i kjeldematerialet, som kunne høva som far til desse fem brørne. Ein slik person har no dukka opp, skjønt no er nok ikkje det rette ordet i denne samanhengen. Problemet ligg nok meir i at denne kjelda ikkje har vore utnytta i samband med dette spesielle spørsmålet. Kjelda det er snakk om er eit brev som vart utferda i Bergen i 1485, og eg vil fortelja litt om dette brevet før eg går inn på dei sentrale aspekta i det i samband med ætta til Matssønene.

Det er forståeleg at tidlegare artikkelforfattarar ikkje har nytta dette aktuelle brevet. Det er nemleg ikkje prenta i Diplomatarium Norvegicum. Dette er nokså overraskande i seg sjølv, for brevet må ha vore kjent for fleire av utgjevarane av DN. Etter kva eg har kunna etterrøkja har dette brevet vorte prenta minst seks gonger sidan 1822, til og med ein gong her i landet (sjå nedanfor, note 1). I føreordet til Diplomatarium Orcadense et Hialtandense vert det i tillegg fortalt at dokumenta som i utgåva er nummererte frå 26 til 51, er samla inn og redigerte av professor Absalon Taranger. Originalbrevet var på pergament og fanst i den delen av arkivet til Sinclair-ætta som låg på Wemyss Castle i Fife i Skottland. I 1836 vert det fortalt om segla på dette brevet, at det var spor etter åtte segl, men berre to var attende. Det vert diverre ikkje fortalt noko meir om segla i denne samanhengen [MacKenzie, _The General Grievances and Oppression of the Isles of Orkney and Shetland_, Appendix I, ii-iii: «Ex originali, penes Dominum Sinclair; sub octo sigillis, quorum sex avulsa sunt, duo supersunt.»]. I utgåva i Diplomatarium Orcadense et Hialtlandense vert det nok ein gong fortalt av originalbrevet var å finna i arkivet etter jarlen av Roslyn på Wemyss Castle i Fife, men av segla var no berre fragment av segl nummer 3 attende. Av omskrifta kunne likevel avskrivaren (Taranger) lesa '...END'. Dette seglet har då truleg vore seglet til rådmannen Erlend Andersson Frak. Etter at Taranger gjorde si avskrift vart brevet liggjande på Wemyss Castle til like etter første verdskrigen. Då forsvann det sporlaust. Etter opplysningar eg har fått vart det bokstaveleg talt stole av ein skruppellaus 'forskar' [Opplyst til underteikna av Michael J. Wemyss, noverande eigar av Wemyss Castle, den 4. juli 2000. Samstundes vil eg retta ei takk til Alison J. Lindsay ved National Register of Archives i Edinburgh for iherdig innsats og hjelp til å prøva å spora opp dette brevet i original].

Nedanfor vert brevet attgjeve in extenso etter teksten frå Diplomatarium Orcadense et Hialtlandense (sjå note 2 nedanfor).

Ollom monnom theim, som thette breff see æder høræ, sender Sebiørn Guttormsson, Gulatings och Berwen lagman, Niels Willemsson, lagman i Hieltland, Erland Andersson Frak, Jon Sturkarsson, Mattis Jensson, Endridh Swensson Rostungh, Asmund Salmonsson, radmen ther samestadz, Villem Thomasson, lagrettes man i Hieltlandh q[uedio] G[udz] och sina, kunnikt gørendes, at mith worom i sacristiet i Kros kyrkkio liggendes i fornempd stad Berwene Manedaghen nest fore Sancti Laurencii dagh anno Dominj Mcdlxxx quinto soghom och hørdom aa, at their heldo handom saman aff enne halffwo beskedelig man Jeppe Zeirsson, radman i tratnempd stad, i fullo vmbode hwstrv Marion Jons dodder (sic) eighen kono sinne, en aff andro halffuonne Thomas Engilsk i fullo vmbode Dyoneth Alexanders dotter eighen kono sinnæ. Skildes thet i theira handerbande, at Jeppe tratnempder och hanss hwstrv Marion skulo fylgia och til ewinneligh egn [haffwa] swa manga jorder, som Thomas for[nemp]d olaglighæ køpt haffde aff Anders Skot, optnempd hwstrv Marions fadubroders, som ligger i Hieltland och her effter nempnes: primo i Liwngøyo i Hwalsøyosunde thio marker brenda viij penninga aff mark. Jtem Vlstadh i Iala sex marker sex penninga aff marken. Jtem i Hwle i Iala nyo marker sex penninga aff marken vndan tratnempd Thomas och hanss erffuingiæ och vnder op[tnemp]dom Jeppe hans hwstrv och theres erffuingiæ til ewinneligh egn och als forrædes jnnen gardz och vtthen til landz och fiærw i mindre lwth æder meiræ medh allo twi, som til liggher æder leiget hæffuer fra forno oc nyo oc jngo vndan skildo. Til yter mere visso hengiæ wy wor jnsigle fore thette breff medh for[nemp]dom Thomas, som screffuet er dagh och aar, som før sægher.

[Påteikning med samtidig hand :] This lettir in Nornn beres all the lanndis that Zoppinn Segarson aryt be his wif, Johne Scottis douchter, and alsua the lanndis quhilkis he wan fra Thom Jngliss that he claimit of Andro Scot (i.e., that) was his wifis fader bruder and the said Zoppynn sauld jt to Sir Dauid Sinclare: Jn primis jn Linga in Quhalissan Sound x merk at viij d. the merk, jtem in Herokle of Zale vii merk at ix d. the merk, jtem in Vlstaith in Zaill vi merk at vj d. the merk, jtem in Howle of Zaile ix merk at vj d. the merk. Aviss gif thir lanndis be in the rentale.

Det har nok også eksistert eit dokument om salet som kjem fram i påskrifta på brevet. Dette kjem fram i eit 1500-talsregister over skøyter på jordeigedomar som Sir David Sinclair og Henry, Lord Sinclair hadde tileigna seg. Heile dette registeret er prenta fleire gonger, sist i 1999 .

Det finst altså minst ein Mattis som det ser ut til at Steinnes ikkje har vore klar over. Brevet er altså dagsett Bergen måndag den 8. august i året 1485. Brevet er eit vitnemål om ei avtale mellom Jeppe Zeirsson, rådmann i Bergen, på vegne av kona si Marion Jonsdotter, og Thomas Engelsk på vegne av si kone, Dyoneth Aleksandersdotter, om at Jeppe og Marion overtek alle jordeigedomane på Hjaltland som Thomas «olaglighæ» hadde kjøpt frå farbror til Marion, Anders Skott.

Andre med namnet Mattis i siste helvta av 1400-talet Mattis Palnesson, rådmann i Bergen, n. 1447-1472

Kan det påvisast noko slektskap mellom Matssønene og Mats Jensson? Argument for slektskap er:

• Namnelikskap. Namnet Mats/Mattis er ikkje så vanleg i Noreg på 1400-talet at det kan eksistera svært mange med dette namnet i dei krinsane ein må venta å finna far til Matssønene.

• Standstilhøyrsle. Mats Jensson er rådmann i Bergen i 1485 og opptrer i eit adeleg miljø. Tord Matsson er kjent som rådmann i Bergen frå 1502, og var som fleire av brørne sine væpnar og dermed adelsmann.

• Kronologisk og geografisk høver Mats Jensson godt som far til Matssønene.

Likevel er dette for lite indisier til å påvisa at Mats Jensson verkeleg var far til Matssønene. Det kan likevel vera verd å følgja sporet vidare.

Note 1: Dei forskjellige utgåvene finst følgjande stader: Samuel Hibbert, A description of the Shetland Islands. Comprising an account of their geology, scenery, antiquities and superstitions. With a geological map, plates, etc (Edinburgh: Printed for Archibald Constable, 1822), s. 314-315; P[eter] A[ndreas] Munch, (1810-1863), «Geographiske og historiske Notiser om Orknøerne og Hetland,» i Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie, bd. 6 (Christiania: 1839), s. 510-511; James MacKenzie, The General Grievances and Oppression of the Isles of Orkney and Shetland (Edinburgh: Laing and Forbes, 1836), Appendix I, ii-iii; Diplomatarium Orcadense et Hialtlandense. Fornbréfasafn Orkneyinga og Hjaltlendinga. Orkney and Shetland Records, red. Alfred W[intle] Johnston og Amy Johnston, bd. 7, Orkney and Shetland Old-Lore Series (London: The Viking Society for Northern Research, 1907–1913), nr. 33; Records of the Earldom of Orkney 1299–1614, red. J[oseph] Storer Clouston, (1870-1944), bd. VII, Publications of the Scottish History Society, Second Series (Edinburgh: The Scottish History Society, 1914), nr. XXXI Siste gong dette brevet er prenta er så seint som i 1999 i engelsk omsetjing i Shetland Documents 1195–1579, red. John H. Ballantyne og Brian Smith, (1951–) (Lerwick, Shetland: Shetland Islands Council & The Shetland Times Ltd., 1999), nr. 30, s.20-21

Note 2: DiplOrc nr. 33, s. 54-56, med engelsk omsetjing etter den mellomnorske teksten. Eg har valt å nytta denne utgåva, av di Absalon Taranger nok er den av avskrivarane som har hatt best føresetnader til å tyda den mellomnorske teksten på eit språkleg grunnlag. MacKenzie si utgåve er god, men ikkje feilfri – om eg då skal våga ei slik vurdering når originalbrevet ikkje lenger kan oppdrivast. Munch byggjer på Hibberts utgåve, men bommar grovt på namnet til Jeppe Sigersson, då han skriv (Munch, «Geographiske og historiske Notiser om Orknøerne og Hetland,», s. 510): «R[ettet til Jeppe Nielson] fra Jeppe Zeirson, et aldeles barbarisk Navn, der umulig kan have staaet i Originalen...». 1)

1)
Jo Rune Ugulen, innlegg i brukerforum, Digitalarkivet, 16.09.2004