slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





EIGEDOMSTILHØVA

Kjeldene på 1600-talet opererar med to landskyldoppgåver for Frøkedal. Dei skil seg frå kvarandre med 6 mrk. sm. Odelsmanntalet 1624 og matrikkelen 1665 (samt kjeldene på 1700-talet og seinare) nemner ei skyld på 2 p. 3 g. sk. (= 75 mrk. sm.). Andre landskyldoppgåver på 1600-talet fører skylda som 3sp. sm. 3 g. sk. (= 81 mrk. sm.).

I 1624 var heile Frøkedal på 2 p. sm. 3 g. sk. bondegods. Størk Brekke i Fitjar åtte 2 ¼ p. sm. av dette, eller 2/3-partar av skylda på 3 sp. sm. 3 g. sk. Resten av garden var det nok Jacob Jørgenson, sjå Indre-Ve, som hadde heimelen til.

Endre Levåg i Fitjar var i 1638 eigar av ½ l. sm. ¼ h. (= 45 mrk. sm.) i Frøkedal, eller
omlag 2/3-partar i garden, like eins som Størk Brekke i 1624. Det var nok arvegods (og
odelsgods). I 1647 var Axel Mowat og Endre Levåg ført med kvar sine halvpartar i Frøkedal, kvar 1 p. 3 mrk. sm. 1 ½ g. sk. (= 40,5 mrk. sm.). Endre må ha seld sin del av eigedomen kort tid etter, for i 1650-åra vert Axel Mowat ført som eigar av heile Frøkedal.

Axel Mowat sin heimel i garden må likevel berre ha vore eit pant. I 1661 vart ein Jacob Busch ført med ei eiga på 1 p. sm. 1 ½ g. sk. (37,5 mrk. sm.) i Frøkedal, mot Ludvig Rosenkrantz (som då hadde arva etter verfaren) 30 mrk. sm. 1 ½ g. sk. (= 43,5 mrk. sm.)

Dei 37,5 mrk. sm. Som Jacob Busch vart ført med skulle gje omlag same eiga som Størk Brekke ikkje hadde i 1624, altså det som Jacob Jørgenson (Ve) åtte. Dotter til Jacob, Adelus, var gift to gonger (Kiempe og Busch), og i 1663 var det arvesak om hennar odelsgods i Indre-Ve, Lande og Frøkedal, i alt 5 l. sm. 3 h. Saka vil verta referert under Ve.

Brørne Anders, Aksel og Nils Busch åtte kvar sine parter i Frøkedal etter faren Jacob, som døydde kring 1667, i alt 41 mrk. sm. Resten av garden (1 p. 3 mrk. sm. eller 1/3-part av garden med skylda 2 p. sm. 3 g. sk.) tykkjest då Tarald Levåg ha løyst av Ludvig Rosenkrantz. Han var son av Endre Levåg og såleis odelsboren til del av eiendomen. Men Tarald selde att kring 1675 til futen Johan Rorson. I 1684 hadde ein Søren Reigsem overteke anten Nils eller Anders Busch sin arvelut i Frøkedal, 4 2/3 mrk. sm. ¼ h. Brørne Busch si eiga kom elles kort etter under Rosendalsgodset (att).

Johan Torson sitt jordegods vart inndrege under kongen på midten av 1680-talet, i samband med kassamangelsaka. Nett på same tida tok han elles og gav obligasjon m. a. på eiga i Frøkedal til Hr. Otte Maltesen til Tysnes. I 1689 vart Johan Torson sitt gods (1 p. 3 mrk. sm.) seld til jødeenkja Rachel de Lime i København. Ein del av eigedomen (36 mrk. sm.) vart utlagt ei enkja Magdalena Fabricus ved skiftekommisjonen i Rosendal kring 1688 (saman med det meste av Øvra-Flygansvær). Dette vart straks seld vidare til presten Søren Anfinnsen (Breder) (i Sund ?). Han selde kring 1700 til rådmann Lars Hanssen Wegener i Bergen, som selde vidare til Mag. Hans Abel til Tysnes 1702.

Oppsitjaren Ola Kristofferson vart sjølveigar for 1 p. mrk. sm. i Frøkedal kring 1706, altså det som jødeenkja hadde ått. Resten må han ha kjøpt av Hans Abel kring 1720, så han vart sjølveigar på heile garden. I 1724 vart Ola sagt å ha gamal odel til frøkedal, korleis no det kan henga saman. 1)

1) Ernst Berge Drange: Tysnes : gards- og ættesoge 2, side 416 - 417.