slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





Gabriel Sjursen (1615 - 1669)

Gabriel Sjurson ble født omkring 1615 på gården Alvsvåg på Bømlo, Han opplyses å være 50 år gammel i 1665. Han døde 1669 på Alvsvåg. Han var sønn av Sjur Alvsvåg og Ranvei Alvsvåg. Gabriel var gift med Brita Monsdatter d. e. Økland, d. 1697. De hadde barna:

1. Ola Gabrielsen, g. Alvsvåg.
2. Siri Gabrielsdatter, g. Svortland.
3. Marta Gabrielsdatter, g. Årskog, Fitjar.
4. Sjur ? Gabrielsen. Kom bort på sjøen.
5. Målfrid ? Gabrielsdatter. Kom bort på sjøen.

Dei første åra Gabriel var brukar, hadde han bruket saman med mor si, halvparten kvar. Frå 1652 til 1656 hadde han bruket åleine, men so fekk han ein Samuel med seg som brukar. Han var truleg av same ætta. Kor mykje Samuel brukte, og om hans bruk var utskilt frå Gabriel sitt, veit ein ikkje. Etter storleiken på buskapen å døma brukte Samuel omlag tredjeparten av bruket. Samuel er borte før 1664, og Gabriel var brukar åleine til han døydde. Ekkja hadde so bruket åleine nokre år, men i 1678 er ein Arne brukar med henne. Han hadde fjerdeparten av bruket. I 1684 er Arne borte, og ekkja hadde so bruket saman med sonen Ola til etter 1692.

Gabriel åtte bruket sitt i Alvsvåg, 1 1. smør, 1 våg fisk som var halve garden, og skogteigen Steinsåsen. I Geitung åtte han 21 ½ mrk. smør, og 13 ½ mrk. smør, 13 ½ mrk. fisk i Lindøyno. Det meste var arv etter faren.

I 1669 var det skifte etter Gabriel. I buet var 1 laksnot og noko sjøreidskap, 1 børse, 1 tessak, 1 gamal kvern med hus til, 1 naust og 1 sjøbu, som ikkje høyrde til bruket, 8 kyr, 5 kviger, 2 stutar, 2 hestar, 3 geiter og 12 smaler. Netto i buet var 80 rdl. og jordegodset. På ekkja fall 40 rdl. av lausøyret, og av jordegodset, 2 spd.
5 ½ mrk. smør, ½ våg 6 ¾ mrk. fisk. På brorlut, 20 rdl. av lausøyret, og av jordegodset 27 mrk. smør, 21 mrk. fisk. På kvar systerlut, 10 rdl. av lausøyret og 13 ½ mrk. smør, 10 ½ mrk. fisk av jordegodset. " - Komb saa til kort paa børnenes halvpart 1/4 mrk. fisk -".

Av jordegodset tok ekkja noko i Alvsvåg og noko i Lindøyno. Ola fekk sin part utlagt i Alvsvåg, dottera Siri noko i Alvsvåg og noko i Lindøyno, og dottera Marta alt sitt i Lindøyno. Eldste dottera, Siri "- niuder sin landskyld, og de andre tuende, Olle och Maritte saa snart de worder 16 aar, som Moderen alt tillige med løsøret hos sig under vergemaal beholder, barnene i fremtiden naar de kome til myndige aar och alder til gaffen och beste, som forsuarligt, och betaller den bortskyldige gield som forskr. staar." I skiftet etter Brita i 1697 var nettoeiga 4 rdl. Truleg hadde ho skift noko frå seg medan ho levde. Men jordegodset hadde ho enno. Det vart utlagt på borna. "- Hvad Laxefisket i Gætung angaar, da forblifuer det ved same brug som tilforn, nemlig at Broderen Oluf Alsvog bruger det Eeene Aar og begge søstrene det andet, eller paa den maade som de bedst kunde forenes om, dog at den altid blifuer til felles
Sødskendes Nøtte, indtil en den anden indløser, om de saa siunes eller de derom kand forenes -."

Det var usemje i ætta om bygselen av Geitung og eigedomsretten til laksvågane der. I 1650 stemnde Arne Håvikjo på mor si sine vegner dei andre eigarane, Ranvei Alvsvåg, Anders Håvikjo, Ola Børøyno og gamle Lars Totland fordi dei ikkje ville gjeva han rett til 2 av laksvågane som låg til Geitung. Samstundes stemnde han Gabriel Alvsvåg og bror hans, Knut Notland, som hadde vågane i bruk, utan å svara landslut til Arne. Både Gabriel og Knut møtte, og kunne vitna at dei hadde "opfunden" den eine vågen, nemleg Bleikjo. Den andre hadde dei kjøpt rydjingsretten til av Lars Søvodl, som hadde rydja vågen, som vart kalla "Nøtteskog" (er truleg Nautaskaget) eller Skaget som den seinare vart kalla. Den eine vågen hadde dei ikkje svara landslut av dei siste 2 åra, og den andre ikkje dei 4 siste åra. Dommen vart soleis at mor til Arne skulle ha rett til å bruka tredjeparten i Skaget. Om Bleikjo vart sagt at den låg so nær den gamle Skotningen laksvåg at dei kunne ikkje hatt mykje arbeid med å rydja den, og når dei no hadde brukt vågen i 4 år utan å svara landslut, hadde dei fått lika for opprydjinga, og at Arne og mor hans skulle ha rett til å bruka vågen heretter, etter som dei hadde part i garden.

I 1652 stemnde Gabriel og Knut Notland dei andre eigarane av Geitung for m. a. tredjeparten av laksvågane under garden som dei meinte å ha "adkomst" til. Dei la i retten eit brev, dagsett år 1500, der det stod at ein "Amund Gundersen og ein Koldbiørn Sigvertsen ere Rettebaar odelsmend til 3 mannematebol i Gietung". Truleg var desse forfedrar til Gabriel og Knut. Saka vart vist til åstaden. Samstundes stemnde dei Arne Grønas og Jon Alvsvåg for ein part i Alvsvåg. Korleis dommen vart, veit ein ikkje.

I 1660, på tinget tilbaud Gabriel Endre Børøyno 40 rdl. for noko pantegods i Løkling, men som Endre ikkje ville "annamme". Truleg var dette ein part som hadde vore i ætta si eige og som var pantsett til Endre, men som Gabriel ikkje hadde odelsrett til.

I 1661 vart Arne Håvikjo usamd med Gabriel og Knut om bygselen av Geitung. Båe partane sine skiftebrev vart framviste, og dei vart "forlikte for Retten med Handtag at hver paa sin side skal følge bygsel af sit -."

I 1649 vart Gabriel og verbroren Kristoffer Sønstabø stemnde for eit "dyr" (d. e. hjort) dei skulle ha skote ulovleg. Dei "- bekjendte at have skutt et dyr paa deres eget leiemaal (d. e. i si eiga mark) i lovtiden, 8 dager efter Bartolomej sidst leden -".

I 1664 vart Gabriel stemnd av Steffen Spyssøyno "- paa salig Gregorius Habbestads arvingers vegne -" for 5 rdl. og 8 års rente. Gabriel møtte "- og bebeklagelig protesterit at Gregorius og hans grande Gunder Habbestad ved deres Perlemente och Slagsmaal i Druchenskab da de gikk tilbaads fra Jacob Brandt har omkommet hans tvende Børn, en Søn og en Datter, da de schulle Roe hiem, och dette i et stille Wær som hand Wille beuise. Formente hand ikke kunde miste baade Børn och Penger. Men at han efter Loven der for til dem havde langt meere och større tiltale -." Dei vart samde om at Gabriel fråfall all tiltale, og arvingane på si side skulda. Gabriel var lagrettemann i mange år. 1)

1) Simon Steinsbø: Bømlo Bygdebok, bind II, side 74 - 77.