Gottskalk Nilsson (1469 -
1520)
Gottskalk Nilsson (Gottskalk
'grimmi' Nikulasson) ble født 1469 på Torsnes i Jondal. Han døde
den 28 Des. 1520 på Island. Han var sønn av Nils
Ragvaldson og Herborg
Bårdsdatter. Gottskalk giftet seg med Valgerdur
Jonsdottir, f. ca. 1460. De hadde barna:
1. Kristin
Gottskalksdatter, f. ca. 1488, d. 14 Apr. 1578, g.m.1. 1508, Thorvardur Erlendsson,
g.m.2. 28 Jan. 1515, Jon Einarsson. 2. Gudrun Gottskalksdatter 3. Odd Gottskalksson,
f. ca. 1500 Gottskalk Nilsson vart
prest, og han arva Holar bispestol på Island etter farbror sin, Olav Ragnvaldson,
bisp på Holar 1457-95. Om bisp Gottskalk får me høyra ikkje
so lite i dei islandske «Gottskalk-annalane». Han var ikkje populær
og gjekk under namnet «Gottskalk den grimme», avdi han var pengegrisk
og samla seg stor rikdom. Bispane
på Island gifte seg, og Gottskalk hadde tre born. Dotteri Kristina vart
i 1510 gift med lagmannen Torvald Einarson og dei heldt eit brullaup med 300 gjester;
om den andre dotteri, Gudrun, heiter det berre at «ho la seg ut med ein
prest». Den merkelegaste mannen av heile ætti, er Odd Gottskalkson. Han
vart fødd ikring 1500, og 6 år gamal sende faren han til brørne
sine i Noreg til oppfostring. Han lærde latin, tysk og dansk. I 1519 er
han oppførd som skattytar på Torsnes (Ott po Tosnes). Han tok utanlandsferder
til Danmark og Tyskland, og «det gjekk han vel og han var vellika alle stader».
Men han miste meir og meir lysten å bli prest, serleg etter at han hadde
teke til å tvila på den katolske kyrkjelæra. Då
faren døydde i 1520, vende han heimatt til Island og busette seg på
garden Reykir. Han tok til å setja om Nytestamentet og skrifter av Luther
til islandsk. Det nye testamentet let han prenta i Roskilde i 1539, og det er
fyrste boki som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet
skriv han seg «Odtt Norske ».
Han er kalla «Islands reformator», men heldt seg utanfor religionsstridane
på sogeøyi, då dei til sist vart avgjorde med våpen.
Han let seg utnemna til lagmann på Nord-Island og drukna på ei embetsferd
då han skulde fara over Lakså i 1556. Odd
lagmann var lovvis og rettvis, og dertil hadde han ord for å vera synsk.
Folket på Island heldt mykje av han. Odd
var gift og hadde ein son, Peter, som flytte bort frå Island. I ein artikkel
(«Hardanger» 1946, s. 30) har eg freista å visa at han må
vera identisk med segnfiguren «Per Islendar» som kring 1550 tok oppatt
øydegarden Fresvik i Ullensvang. Segni segjer at han laut røma Island
for drap, men hadde eigedomar der borte. 1)
1)
Olav Kolltveit: «Jondal i gamal og ny tid», 1953 (s. 55-57). Berge
Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 195 Islendingabok
|