slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards




Herr Samuel Helgesen ( - før 1665)

Herr Samuel Helgesen ble født i Hardanger. Han døde før 1665 på gården Økland i Sveio. Han var sønn av Helge Pedersen Håvik og en ukjent mor. Samuel var gift, men konas navn er ukjent. De hadde barna:

1. Nils Samuelsen, d. 1670, Økland, g.m.1. NN Bertelsdatter, g.m.2. Anna Eliasdtr.

Samuel vart sokneprest til Vikør i 1616. I 1622 vart han innstemnd for Domkapitlet i Bergen for legermål med festarmøya si. Han vart dømd "- at hand schulle Vere sit Kald quit, Dog maatte bliffue Ved Sit embede effter Kong: May ths Synderlige Gunst oc tilladelsse". Han vart soleis dømd frå prestekallet i Vikør, men dersom han vart kalla til prest ein annan stad, skulle det ikkje vera noko til hinder for at han kunne få det. Same året vart han kalla til prest ved St. Jørgens Hospital i Bergen, der han var til 1629.

I 1628 vart han kalla til sokneprest i Finnås etter farbroren: Daniel Pedersen. Alt gjekk rett for seg, men prosten ville ikkje godkjenna valet. "- Men forloed dem och Vigede bort fra dem, och icke Vilde lade dem forstaa Aff Huad Aarsag
han sligt giorde, endogh de samme thid hand Nogle gange hannem der om Anmodede -".

Årsaka til at prosten ikkje ville godkjenna valet, var at han ville at sonen skulle få kallet, og hadde fått 7 andre menn i Finnås til å kalle han. Prosten fekk ei alvorleg skrape, og valet på herr Samuel vart gjort om inkje, avdi prosten ikkje hadde godkjent det. Kallsretten gjekk då til lensherren som utnemnde Christen Jensen, Seljø.

I 1629 sa Samuel frå seg kallet ved St. Jørgens Hospital, truleg fordi innkomene var for små, og busette seg hjå sonen på indre Økland i Sveio, der han døydde før 1665. 1)

1) Bømlo Bygdebok Bind IV, side 140 - 141.