slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards






Striden om nausttomtene på Sandven

De fleste opplysninger om Peter på Sandvin får vi fra dokumenter som er skrevet i forbindelse med de langvarige prosessene om nausttomtene på Sandvin. Striden begynte i 1315/16 - kanskje før, og varte i minst 10 år. En rekke kjente menn i Hardanger er nevnt i disse prosessene. Blant andre nevnes Sigurd
Galte for aller første gang (1322). Han nevnes sammen med Tore Gautson, som man har gått ut fra er hans bror.

Den 18. april 1322 utstedte kong Magnus Erikson et brev, der han gir Gulatings lagmann, Ivar Arneson, befaling om å dømme i den striden som hadde oppstått mellom Peter på Sandvin som bodde nede ved sjøen, og Svein på Steine som bodde lenger oppe i Steinsdalen, omtrent der veien over Kvamskogen i dag kommer ut nedenfor Tokagjelet.

1. DN. I, 166.

Den 12. desember 1324 er det igjen utstedt et langt og interessant brev angående nausttomtene på Sandvin. Dette er det siste brev i denne langvarige strid der mange av Hardangers fremste menn deltar som vitner og dommere.
Kolltveit har følgende kommentar til selve saken, og begynner med en kort karakterestikk av Peter:

Hva handlet nauststriden om?


«Den mest kjende av denne ætti er Peter (Jonsson) på Sandvin. Han har aldri spela noko politisk rolle. Han er nemnd Peter bonde på Sandvin. Når Olafsen skriv at denne tittelen viser at han «er rett og slett bonde», so synest han å gå ut frå at bonde-tittelen var den same då som no. Men det er ikkje rett. Bonde-namnet er knytt til mann av høg ætt som ikkje har fått riddarslaget. Ivar Andreson på Oma blir t.d. kalla Ivar bonde før han vart riddar.

Dei fleste diplom som nemner Peter på Sandvin, gjeld den store rettssaki han hadde med Svein Gudbrandson på Steine m. fl. om naustrettane deira på Sandvin. Fleire har undrast over at ei slik bagatellsak kunne bli so oppblesi at sjølve kongen greip inn for å få ein ende på henne. Olafsen meiner at det er for å tvinga seg til grunnleige Peter driv denne saki. Han meiner og at saki hans står på veike bein. Men dei saksdokumenti me har, peikar etter mi meining i ei onnor leid. Det var vitnefast at Tore på Skeie ikkje rekna seg som grunneigar då han selde naustet sitt til Svein på Steine, og striden om eigedomsretten til tufti kom seg av at Bård på Steine, som visseleg har vore ein like mektig mann som Peter, byrja å slå under seg strandline på Sandvin. Slikt vilde ikkje Peter finna seg i. Men denne striden reiste heile spursmålet om dalingane hadde nokon rett til å ha naust på Sandvin utan løyve frå grunneigaren i kvart einskild høve. Difor er det ikkje i dei seinare dokument lenger tale om eitt, men 3-4 nausttufter. For dalingane blir det nærsagt eit livsspørsmål å verja sine lende og naust på Sandvin. Difor mobiliserar dei so mange vitne for å slå fast at nausti står på hevda grunn. Det er i dette ljoset me må sjå saki, og då får ho andre dimensjonar», skrev Kolltveit i 1946.

Flere detaljer om naustsaken

Samtidig med dette, skrev Mikjell T. Steine en artikkel i «Hardanger» der han i litt større detalj gikk inn på naustsaken. Han skrev bl.a. dette om striden mellom Peter på Sandvin og Svein på Steine:

«Fyrst freistar Peter på Sandvin å prova at Svein på Steine eig berre sjølve naustet, men ikkje tufti til det naust han har kjøpt av Tore på Skeie. Seinere vil han prova det same når det gjeld dei gamle naust-rettane til Steine, ser det ut til. Men Svein fører motprov for at Sandvins-mennene bad dei på Steine å flytja nausti sine dit som dei då stod i 1316, fordi Steinsbøndene som beitte (tjora?) hestene sine ved nausti gjorde skade på kornet, då «Tolvseldingsåkeren» låg like ned til Steinsnausti. Ein veit ikkje med vissa kvar Steinsnausti stod i år 1300 eller kvar dei hadde stade frå fyrst av. Sikkert er det berre at dei hadde vorte flutt nordover nærare Grovagilsbekken. Og eg trur ein er ikkje langt frå det rette om ein gisser på at desse 3 nausti som striden står om i 1316 stod omlag der som Sandvens hotell står no, iminsto dei 2 gamle Steinsnausti. Dei stod altso i Grovi. Når det var einaste utvegen, ser det ut til, for Sandvinmennene å få slutt på beitingi ved nausti, ved å få nausti flutte (vonleg på ein meir uspard plass for Sandvin) so lyt ein rekna med at Steine tok ikkje denne fluttingi utan at retten til tjoring også fylgde med til dei nye nausttufter.

Noko slutt-oppgjerd eller dom i nauststriden millom Peter på Sandvin og Svein på Steine og dei andre på hans sida er ikkje kjend, men av det som er kjennt, får ein den tru at der er ikkje store voner for Peter å få sitt fram. Tek ein utgangspunkt i notidi, so veit me at kvart av dei 3 tuni på Steine hadde kvart sitt naust med tuft. Framitunsnaustet stod straks sud for Grovagilet, medan Nituns- og Uppitunsnausti stod jamnsides langt nord i naustrekkja på nordsida av gilet. Framitunsnaustet må vere den same tufti som var kjøpt av Tore på Skeie. No då nausti vart rivne, hadde det eine tunet på Skeie òg naust og tuft like ved. For mer informasjon henvises til 1)

1) Odd handagård: Vår felles slektshistorie