EIGEDOMSTILHØVA
Ein
sjettepart, eller 1/2 l. sm., av Nese låg under Halsnøy Kloster i
alle høve frå reformasjonstida (1536) og fram til oppsitjaren løyste
eigedomen (noverande br. 7.) ved kongeskøyte 1758. Klosterparten låg
under br. 1. fram til 1730-åra.
Resten
av Nese var helst bondegods gjennom tidene. Lensmannen Størk Nese var sjølveigar
for 2 1/2 sp. sm. i 1610 og (bror) Johannes Håland åtte like mykje
på same tida. Far deira Ådne skatta av jordeiga 1563 og var vel sjølveigar
for minst 5 sp. sm. i Nese. Eigarane i 1624/25 var Endre Levåg (1/2 l. sm.
1/2 h.), og Ola Nese (sjølveige av 1/2 l. 6 mrk. sm. 1 g. sk.), Anders
Nese (sjølveige av 1 p. sm.), Anders Kongsvik (6 mrk. sm.) og Ola Hovdanes
(6 mrk. sm.). Desse var vel arvingar til gamle Ådne Nese. I
1647 åtte fortsatt Endre Levåg 1/4 part av Nese, men Nils Jacobson
Uggdal hadde kome istaden for Ola og Anders Nese, Anders Kongsvik og Ola Hovdanes.
Ein kan merka seg at Nils Uggdal (Sle) hadde odel i Nese. Hans
Håland, verson av Endre Levåg, tok over Endre sin part i 1660-åra,
men kring 1670 kjøpte Nils Uggdal dette så han hadde halve Nese (eller
br. 2.). Sjur Nilsson Uggdal overtok
faren sin part i garden og var sjølveigar her ei tid kring 1690(br.2.).
I 1691 vart nemnd at ei Synneva Rimbareid åtte 2 1/2 mrk. sm. 2 sk. pengar
i Nese. Dette må ha vore ein gamal arvepart som no vart gjort krav på.
Sjur Uggdal løyste denne kring 1692. Enkja hans vart g. med Nils Andersson
Nera-Gjerstad i slutten av 1690-åra. og dei selde br. 2. 1708 til gjestgjevaren
Jetmund Neshamn. Bruket vart utlagt Gunnar Amland i skifte etter Jetmund, og han
selde vidare 1712 til Bjødne Søreid, som busette seg her som sjølveigar. I
1647 var presten Hr. Bertil til Jøsen i Ryfylke eigar av 1/3-part av Nese,
1/2 l. sm. 1 h. Denne parten, som truleg og ei tid før 1647 var ått
av folk i Ryfylke, fekk futen Ivar Knutson skøyte på kring 1660.
Saman med Halsnøyeiga utgjorde denne br. 1. Ivar Knutson sin part vart
seld til oppsitjaren 1696. Klubben
fylgde frå 1665 eigarene av Nese etter deira partar i hovudgarden, men frå
slutten av 1680-åra åtte eigarane av Nese br. 2. Klubben åleine.
Fyrste sjølveigaren her var Jacob Nese som kjøpte 1832, og busette
seg her 1841. 1) 1)
Ernst Berge Drange: Tysnes : gards- og ættesoge 1, side 400 - 401.
|