slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





Elling Monsen Vestvik
(1616 - 1667)

Elling Monsen ble født omkring 1616 på gården Vestvik i Sveio. Han døde omkring 1667 på Vestvik. Han var sønn av Mons Vestvik og Anna Vestvik. Elling var gift med "Clare". De hadde barna:

1. Brita g Vestvik.
2.
b. Gunnar.
3. Ingeborg
4. Et barn som vi ikke vet navnet på.

Elling Monsson Vestvik fekk som før nemnt ein tredjepart av garden i bruk etter faren. Han var 50 år gl i 1666. Elling var brukar saman med faren frå ikr 1646. Etter at faren gav bruket frå seg, brukte Elling halve garden. I 1667 er han borte. I 1657 fostra han 1 hest, 5 kyr og 2 ungnaut, like mykje som dei to andre brukarane.

Elling må ha vore noko bråsint av seg. I 1654 stemnde lensmannen. Nils Haugland, han for skjellsord, på vårtinget. Elling nekta dette, men sa likevel at dersom han hadde gjort det, "da var det skjed i Drukkenskab". Ved juletider året etter var han i barsel på Straumøy, og kom i skjellsmål med Nils Økland, og kalla han tjuv, og det var noko med det verste ein kunne seia om ein mann i dei tider. Det var om kvelden ved bordet dette hende. Nils treiv eit tinstaup og slo etter Elling, men råka ikkje. På tinget bad både Elling og Nils om "vandelsattest" av almugen. Båe fekk godt vitnemål. Elling åtte ein part i Vestvik som borna arva. Han var lagrettemann i mange år.
1)

1) Simon Steinsbø, Sveio Gards- og ættesoge I, side 274.