slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





Mons Vestvik
( - ca. 1664)

Mons Vestvik døde andre påskedag i 1664 på gården Vestvik i Sveio. Han var gift med Anna Vestvik. De hadde barna:

1. Elling Monsen, f. ca. 1616, Vestvik, d. ca. 1667, Vestvik.
2. Ådne Monsen, d før 1699.
3. Siri Monsdatter, gm Lars Tørressen søre Vik, Fitjar.
4. Anna Monsdatter, gm Jens Eide.

Mons er brukar frå ikr 1606. Dei første åra hadde han Guttorm med seg som brukar, men i 1624 er han brukar åleine. Han svarar då skatt av 17 mrk. smør 4 1/2 spann korn, som han åtte. I 1626 har han auka dette jordegodset til 1 pd. 6 mrk. smør 5 1/2 spann som var odelsgods. Han var meir velståande enn folk flest, for i 1625 betalte han 1 ort meir i skatt enn andre. I dei tider vart skattebetalarane lagde i legder på 10 som svara 10 rdl. i skatt saman, men dersom nokon var så utarma at dei ikkje greidde dette, vart det som mangla utlikna på dei som hadde betre råd. "Den Rige hielpe den Fattige", som det stod i skattebrevet. Seinare og betalte han meir enn dei andre i legda. I 1636 vart utlikna ein ekstraskatt for å senda prestar til Finnmark. Mons var ein av dei få som svara denne skatten i Fjære skipreie, med 1 slett mark.

I 1646 hadde Mons gitt frå seg 1/2 laup smør 1/2 hud til sonen Elling. Mons var største eigaren i garden og hadde difor råderetten over bygselen. I 1661 hadde han gitt resten frå seg.

Mons døydde andre påskedag 1664, og må då ha vore ein gamal mann. Han var "skaffar". Som fast løn for det, var han friteken frå å svara tiende. Han var lagrettemann i mange år. 1)

1) Simon Steinsbø, Sveio Gards- og ættesoge I, side 274.