slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





Lars (Laurits) Jacobson (ca. 1585 - ca. 1660)

Lars Jacobson ble trolig født 1580-årene på gården Uggdal, Tysnes. Han døde omkring 1660 på gården Færavåg, Tysnes. Han var sønn av Jacob Lauritssen Sle og trolig NN Lauritsdatter, Hodlekje. Laurits giftet seg omkring 1610 med Marta Sebjørnsdatter. De hadde barna:

1. Mikkel Larsson, bosatt S. Amland br. 2.
2. Kristi Larsdatter, bosatt Nese br. 1.
3. Anna Larsdatter, bosatt Godøy.
4. Sebjørn Larsson, f. ca. 1624, d. 1696/1701, g.m.1. Rakel (Andersdtr. ?), g.m.2. Margrete (levde 1708).
5. Kari Larsdatter, g.m. Bjødne (Larsson) Gauksheim, Fitjar.
6. Lars Larsson, f. ca. 1636, d. 1693, g.m.1. Siri Olsdtr. N. Gjelland, g.m.2. Marta Ådnesdtr. N. Hope.

Lars (Laurits) Jacobson Uggdal (Sle), truleg f. i 1580-åra og d. i åra kring 1660 vart g. o. 1610 m. Marta Sebjørnsdtr., som truleg var dotter av Sebjørn, ovanfor. Ho d. 1669 som "gammell Enche quinde". Lars Færavåg var son av Jacob Sle i hans fyrste ekteskap. Som far sin var han ein storkar. M.a. åtte han ein god del jordegods. I 1613 skatta han av 2 l. sm. 1 h. I 1624 åtte han halve Færavåg, 2 p. sm. og 2 slettemark i Uggdal, 20 mrk. sm. 1 g.sk. i Hodlekje og 16 mrk. sm. 1 g. sk. i Kleppa.

Han var noko uroleg av seg, Lars Færavåg. I 1623 måtte han bøta 6 dlr. "for han overfaldt en borger med slagsmaal og skielden". Fem år seinare måtte han ut med 3 dlr. for slagsmål med Tomas Søreid og i 1630 6 dlr. for å ha skore av selen på hesten til Torstein Reiso. Same året bøtte han 4 dlr. for overfall på Henning Paulson (Myklastadeie) i eit bryllaup "og slaget efter honom". Året deretter, i 1631, måtte han ut med 2 dlr. for slagsmål. I 1633 bøtte han 10 dlr. "for hans sigtet Jacob Møklestad for en tjuff og det hand ikke kunde bevise". På 10 år kom bøtene opp i 31 dlr. eller så mykje som verdien av 10 kyr. Det gjekk då og nedover med velstanden.

I 1644 selde han det han åtte i Færavåg, 1 1/2 l. sm. 1 1/2 h. (resten åtte bror hans Nils Uggdal), til Erik Orning. Sidan sat han som leiglending på garden. Då hadde og resten av jordegodset hans fare. Han var likevel ingen fattig mann.

Lars Færavåg var skaffar i 1636. Sonen Sebjørn tok over halve garden (br. 1.) i 1643 og yngstesonen Lars resten i slutten av 1650-åra (br. 3.).

Skiftet etter Marta 1699 fortel elles at døtrene Anna og Kari var gifte til Amland og Tveit, men andre opplysningar viser at dette var uriktig. Ein Gregorius Færavåg vart skriven soldat 1657. Om han var son av Lars kan der gjennom mora Marta ha vore noko slektsskap med den ætta som sat på Hamarhaug kring 1600. Der var og Sebjørn i den slekta. Gregorius Hamarhaug d. kring 1615. Gregorius Færavåg må ha døydd utan livsarvingar, om han var son av Lars. Eivind Færavåg, nemnd på halve garden 1648-51/52, var vel knapt ein son. Eivind-namnet går elles og att i Hamarhaugslekta.



Bumerke til Lars Larsson Færavåg og Bumerke til Sæbjørn Larsson Færavåg,
Begge i slutten av 1600-tallet. 1)

1) Drange, Ernst Berge: Tysnes. Gards og ættesoge, Bind 1, side 569, 574.