Jacob Lauritsson
Sle (ca. 1560 - ca. 1618)
Jacob
ble født omkring 1560. Han døde omkring 1618 på gården
Uggdal, Tysnes. Han var sønn av lavadelsmannen Laurits
Gauteson Slede/Dall og Hustru
Gyri Jacobsdatter. Jacob giftet seg første gang, trolig med NN
Lauritsdatter, Hodlekje. De hadde barna: 1.
Laurits Jacobsen,
f. ca. 1585, d. ca. 1660, g.m. ca. 1610, Marta Sebjørnsdatter. Jacob
giftet seg andre gang med Barbro Rolfsdatter, To.
De hadde barna: 1. Brita Jacobsdatter,
bosatt Myklestad br. 1. 2. Nils
Jacobsen, f. ca. 1615, d. ca. 1685, g.m. Ingeborg Olsdatter Hodlekje. 3.
Samson Jacobsen, bosatt Mittvåge. 4. (Hans) Jacobsen, Jacob må
nemleg ha vore bestefar til Hans Holma og medsyskena hans. Dei åtte 26 mrk.
sm. og 26 sk. vare i Uggdal. Dette vart seld fyrst så seint som i 1690,
til Nils Nilsson på br. 1. Samson Jacobsen (Mittvåge) selde nett like
mykje jordegods til broren Nils nokre tiår tidlegare. Det går fram
av eit fragment av eit skinnbrev på Nordbost. Meddi det er snakk om same
skylda må Hans Holma ha vore sonsson av Jacob Sle. Sonen kan i så
fall ha vore husmannen Hans på To 1643, sjå der. Enkja etter Hans
Jacobsen må ha vorte gift opp att med Ola Hodlekje, sjå der.
Jacob
Larsson (Lauritsson Sle) f. o, 1550 d. o. 1636, eller Jacob Sle som han vert kalla
i munnlege overleveringar, busette seg på Årbakka som sjølveigar
i 1570-åra. Truleg var garden odelen hans, men eventuelt samband t. d. til
Hans Årbakka i 1563 er ukjent. Ifylgje segna kjøpte Jacob Sle garden
av storkaren Hans Onarheim, men han var for ung til å kunne vera identisk
med Hans Uggdal i 1563. Jamfør elles at Jacob sannsynlegvis hadde ein son
Hans.
Jacob Lauritsson var gift to gonger. Fyrste kona kan ha vore N.
N. Larsdtr. Hodlekje. Andre kona var Barbro Rolfsdtr., som nok var frå To.
Jacob Sle var ein storkar, og har vore hugsa av tysnesingane ned gjennom hundreåra,
sjå kultursogo b. I. s. 396f. Lensmann Løvig skreiv frå si
vitjing i Uggdal i slutten av 1880-åra: "På flere gårde
i Tysnes skal endnu leve efterkommere af Jacob Slee - således på Opdal,
Hollekim, Færevåg og Beltestad, hvor samme Jacobs-navn fremdeles forekommer,
og merkelig nok har frasagnet om denne deres stamfader hidtil holdt sig blandt
dem.
Ved et besøg i Opdalsbygden sommeren 1889 erfarede jeg med
forundring, at Jacob Slee endnu var et kjendt navn der, trods dets ælde
af henved 300 år. At sagnet om ham har kunnet holdt sig så længe,
skyldes vel nermest den omstændighed, at han har været en ætstor
og meget inflydelsesrik mand. Også
sagnet betegner ham som en mand med anseelse ved at betitle ham som adelsmand,
en stor herre, baron, fyrste o. lign.". Slektsnamnet
Sle vert elles aldri nytta i dei skriftlege kjeldene. Men Jacob står her
fram mellom dei mest velståande bøndene i Tysnes. Berre Ola Hodlekje
hadde meir gods og gull. Naturleg nok vart Jacob jamt nytta som lagrettemann.
I motsetnad til sonen Lars Færavåg tykkjest han stort sett ha levd
stille og roleg. Berre ein gong dukkar han opp i bøtelistene. I 1617 måtte
han ut med 3 dalar for overfall på Anders Bekkareie (Se). Året etter
måtte Anders ut med 8 dlr. for å ha hogge til Jacob i handa med ei
verja. Så tilhøvet mellom desse to karane var noko dårlig,
Fyrste
året Jacob vart nemnd i odelsskattemanntala var i 1603, då han åtte
2 l. sm. i jordegods. Same eiga skatta han av i 1613/14 men i 1617 av 1/2 h. og
1 våg korn i tillegg. Eiga vart monaleg auka i 1618, da Gyri Uggdal (mor
hans) var avliden. sjå nf. Jacob skatta då av 4 l. 1/2 p. sm., 1 1/2
h., 1 tønne korn og 11 dlr. Etter det var skift etter mora i byrjinga av
1620-åra skatta Jacob av 2 1/2 l. 1 p. sm., 1 1/2 h. og 1/2 tønne
korn. Kvar godset til Jacob Sle låg er ukjent, anna enn at han i 1624 åtte
garden Slinde i Sogn. som må ha vore odelsgods gjennom mora. Sonen Lars
Færavåg åtte i Hodlekje, som truleg var morsarven hans.
Jacob
skulle ifylgje gamle Fredrik Uggdal ha kome til Uggdal frå Sogn. Han var
son av lågadelsmannen Laurits Gauteson og kona Gyri Jacobsdtr., som visst
nok var nettopp frå Sogn. Laurits og Gyri budde truleg på Skaga i
Kvinnherad (Hatlestrand sokn), men han døydde tidleg. Men han levde så
seint som i 1563 då "Lasse Goudesenn" i Strandebarm gav 4 dlr.
og 8 sk. skatt av jordegods. og omlag like mykje "for thett guotzs som ligger
i Sogenn" (Sogn). Gardane på
Hatlestrando låg på denne tida under Strandebarm skipreida. Hustru
Gyri, som same året (1563) skatta av ei flaumsag i Sunnhordland ein stad,
var såleis knapt enkja hans, slik Bakkevig skriv. Hustru Gyri (Jacobsdtr.)
vart venteleg gift opp att med Mads Fartegnson Enes. Og i andre ekteskapet fekk
ho sonen Lars Skaga og dottera N.N., som var mor til Endre Levåg i Fitjar.
(Sjå Bakkevig: "Sunnhordlandslekter"). Etter at også Mads
Enes-Skaga døydde flytta Gyri Jacobsdtr. med sonen til Uggdal. Ho vart
kalla "Høstru Gored j Opdall" i ein herredagssak om noko Sle-gods
i 1578. Sidan kan ho ha vorte gift opp att for tredje gongen med ein Sander Øvra-Beltestad.
Ei velståande enkja Gyri budde nemleg på Øvra-Beltestad etter
Sander. I 1603 skatta ho av så mykje som 4 l. sm. og 2 h. Ho budde og på
Beltestad i 1610, men tre år seinare heldt ho hus i Færavåg.
Eldste son til Jacob Sle budde der. Eiga var i 1613 redusert til 2 l. sm. og Gyri
torer ha skifta noko av godset med borna i mellomtida. Gyri flytta til Uggdal
1613/14 og døydde der kring 1616. I 1614 vart ho ført i odelsmanntalet
med 2 1/2 l. sm. 1 h., i 1617 med 2 l. sm. 2 våger korn. Året etter
var ho avliden. Då finn ein Jacob Sle ført med ei eiga som tilsvara
det han og Gyri hadde skatta av samanlagt i dei føregåande åra.
Jacob må såleis ha vore ein av arvingane til Gyri, og i fyrste omgang
"administrert" jordegodset. Skifte har vorte halde i byrjinga av 1620-åra.
Gyri Beltestad-Færavåg-Ugdal må ha vore mor til Jacob Sle, og
noko opp i åra då ho døydde.
I
juni 1617 var det oppe ei sak for Bergen Domkapittel der ei Hustru Gyri er omtala.
Elsebe Monsdtr. og Hr. Peder Aalborg, sokneprest til Stord. hadde rettergang "om
Arff effter Salig Hustru Gurie". 1 desemher året før stemna
Hans Monsson soknepresten Anders Jonsson til Skånevik og same Peder Ålborg
om arv Hans meinte seg lovleg tilfallen "effter sin Salig fadermoder",
som venteleg var same Gyri. Denne saka vart vist til verdsleg rett. Dersom den
Hustru Gyri som er nemnd i forhandlingsprotokollen for domkapitlet er identisk
med mor til Jacob Sle, hadde ho altså ein hittil ukjent son Mons, som var
avliden før henne. men som let etter seg borna Hans og Elsebe. Denne siste
Hustru Gyri kan elles vera identisk med den nemnde sagbrukseigaren i 1563. Saga
ho skatta for kan, ifylgje And. Næss i Sunnhordland Årbok 1919, vera
prestesaga i Kvinnherad, og Hustru Gyri såleis ei prestekona.
Born:
Arvingane til Jacob Uggdal skatta i 1638 av 1 l. 1 p. 20 mrk. sm. og 2 h. Samstundes
gav tre sysken, born av Jacob Uggdal, skatt av 1/2 l. 6 mrk. sm. 1/2 h. 1 fåreskinn.
Tilsaman er dette så å seia identisk med Jacob Sle si jordeiga i 1620-åra.
Her er altså tre sysken som før arveoppgjøret har fått
utlagt kring 1/3 part av jordegodset, kanskje i form av heimegifte. (Barna, se
ovenfor). 1) 1)
Drange, Ernst Berge: Tysnes. Gards og ættesoge, Bind 2 , side 288 - 289. Gards
og ættesaga frå Kvinnherad II, s. 270
|