Nils Jacobsen
(ca. 1615 - ca. 1685)
Nils
Jacobsen ble født omkring 1615 på gården Uggdal, Tysnes. Han
døde omkring 1685 på gården Uggdal. Han var sønn av
Jacob
Lauritssen Sle og Barbro Rolfsdatter, To.
Nils giftet seg med Ingeborg Olsdatter Hodlekje.
De hadde barna: 1. Barbro Nilsdatter,
bosatt br. 4. (Mittstov) 2. Synneva Nilsdatter, bosatt Søreid br. 4 3.
Jacob Nilsen, bosatt Nera-Støle, siden Uggdal br. 7. 4. Anna Nilsdatter,
bosatt Håland. 5. Nils Nilsen, bosatt Uggdal br. 1. 6. Anna Nilsdatter
d.y., bosatt Reiso br. 5. 7. Guri Nilsdatter, bosatt Hodlekje br. 1. 8.
Ola Nilsen, bosatt Hodlekje br. 1. 9. Sjur Nilsen, bosatt Uggdal br. 7 og br.
1. Bumerket
til Nils J. Uggdal (Framigar) 1650.
Nils
og Ingeborg må ha vore noko i slekt. Dei kom begge av særs velståande
heimar. Nils Uggdal var ung då han tok over i Framigar kring 1636. Kort
tid etter fek han i stand utskifting på garden, og han flytta husa på
gardsluten Årbakka over elva til det gamle Mittstovtunet "Heim-i-garen".
Omlag samstundes vart det gått opp skifte i Skarsmarkjo mellom Framigar
og Borgjo, sjå under Håheim/Borgjo. Det var ved dette høvet
Nils berre såvidt slapp unna juling av Haldis Borgjo. Ingeborg
og Nils heldt oppe velstanden i Uggdal. Som faren var han dessuten mellom dei
framste mennene i bygda. Han vart tidleg teken til lagrettemann og åra 1663-67
var han lensmann i Uggdal skipreida. Han overlappa altså delvis Ola Søreid
i lensmannsombodet. Nils vart sjølveigar
på det mesta av Framigar ved å løysa ut dei fleste medarvingane.
Dessuten åtte han mykje anna jordegods: Nese (1/2 l. sm. 1/2 h. odelsgods),
like mykje i Færavåg og ein mindre part i Støle (som han vart
freista fråtretta 1683). I seinare år fekk Nils hand om 1 l. sm. 1
h. i Håland og eit skogsnes der, 1 p. sm. 1/4 h. i Vermedal og 3 sp. sm.
1/2 h. i Bakka. Han auka såleis eiga monaleg. Men så var det månge
born til å skifta etter han. Framigar
vart delt kring 1675, sonen Sjur tok over br. 7. medan Nils heldt fram endå
10 år på resten av garden, sjå br. 1. 1) 1)
Drange, Ernst Berge: Tysnes. Gards og ættesoge, Bind 2 , side 288 - 289.
|