slektsforskning
HomeDiskusjonsforumEtterlysningerWebdesignKontaktSite Map

om meg
Anetavle
Søk i database
Slekter
Gjestebok
Hjelp til hjemmesiden
Tips & Triks
Chat
Sende postkort
Lenker
Oppslagstavle
Awards





Tord Matsson

Tord Matsson var sønn av Mats (Amundson ?) og Anna Fartegnsdatter. (Se også siste nytt).

Tord er nevnt som rådmann i Bergen fra 1512 til 1530 og er en mann med stor innflytelse i det gamle Bergen. Han etterlot seg sønnen Olav Tordson. Man vet ikke hvor Olav Tordson bodde. Det er muligens etterslekt etter ham. Steinnes føyer til:

"Tord er nemnd rådmann i Bergen i ei lang rad av dokument frå 1512 til 1530. Når fleire rådmenn vert nemnde jamsides, er Tord Matsson frå 1523 til 1529 alltid sett fyrst. I 1521 heiter det at han "sad i lagmandens sted". I 1525 valde Vincens Lunge "lagmannen oc Tord Matson" til å bera fram ei syrgjebod til fru Ingerd Erlendsdotter, og i 1529 var "lagmandt och Tordt Matsen och bispenn" eksekutorer i buet hennar. I oktober 1530 har vi funni han saman med brørne sine. Hausten 1532 var han som nemnt avliden, men hadde lati etter seg ein son, Olav Tordsson. Det er mogeleg at han døydde sist i 1530 eller straks etter nyår 1531. Eit brev frå 17. jan. 1531 reknar opp 11 rådmenn i Bergen, men nemner ikkje Tord Matsson. På same vis vanter namnet hans i brev frå 15., 25. og 26. febr., 1. mars og 15. mai 1531, der opp til 14 rådmenn i Bergen vert nemnde jamsides. Seglet til Tord Matsson finst enno under sume av dei breva han har vori med og gjevi ut. I 1512 og 1520 står det foruten namnet eit bumerke i seglet hans, i 1524 og seinare eit våpen, det same som har vori kalla "Linga-våpenet": ein stav av 5 ruter (eller rombar) mellom to ormer. Ein kunne kanskje heller kalla det rute- og ormevåpenet.

[-------]. At Tord Matsson skal ha ått garden Sunndal
i Kvinnherad, som sume har meint, kan eg ikkje finna noko prov på. Det er lite truleg at Tord på Sunndal i 1519 er identisk med rådmannen Tord Matsson i Bergen. Dessutan kan vi ikkje sjå om Tord på Sunndal i det heile har ått noko i garden".
1)

1) Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 1957
Henning Sollied og R.P. Sollied: «Losna-ætten», NST, bd. I. 1927-28.
Odd Handagård: Våre felles slektshistorie