Gottskalk Nilsson
Gottskalk Nilsson ble født
på Torsnes i Jondal. han var sønn av Nils
Ragvaldson og Herborg
Bårdsdatter.
Gottskalk Nilsson vart prest, og han
arva Holar bispestol på Island etter farbror sin, Olav Ragnvaldson,
bisp på Holar 1457-95. Om bisp Gottskalk får me høyra
ikkje so lite i dei islandske «Gottskalk-annalane». Han
var ikkje populær og gjekk under namnet «Gottskalk den grimme»,
avdi han var pengegrisk og samla seg stor rikdom.
Bispane på Island gifte seg, og
Gottskalk hadde tre born. Dotteri Kristina vart i 1510 gift med lagmannen
Torvald Einarson og dei heldt eit brullaup med 300 gjester; om den andre
dotteri, Gudrun, heiter det berre at «ho la seg ut med ein prest».
Den merkelegaste mannen av heile ætti, er Odd Gottskalkson.
Han vart fødd ikring 1500, og
6 år gamal sende faren han til brørne sine i Noreg til
oppfostring. Han lærde latin, tysk og dansk. I 1519 er han oppførd
som skattytar på Torsnes (Ott po Tosnes). Han tok utanlandsferder
til Danmark og Tyskland, og «det gjekk han vel og han var vellika
alle stader». Men han miste meir og meir lysten å bli prest,
serleg etter at han hadde teke til å tvila på den katolske
kyrkjelæra.
Då faren døydde i 1520, vende han heimatt til Island og
busette seg på garden Reykir. Han tok til å setja om Nytestamentet
og skrifter av Luther til islandsk. Det nye testamentet let han prenta
i Roskilde i 1539, og det er fyrste boki som er prenta på norrønt
mål. På tittelbladet skriv han seg «Odtt Norske ».
Han er kalla «Islands reformator»,
men heldt seg utanfor religionsstridane på sogeøyi, då
dei til sist vart avgjorde med våpen. Han let seg utnemna til
lagmann på Nord-Island og drukna på ei embetsferd då
han skulde fara over Lakså i 1556.
Odd lagmann var lovvis og rettvis, og
dertil hadde han ord for å vera synsk. Folket på Island
heldt mykje av han.
Odd var gift og hadde ein son, Peter,
som flytte bort frå Island. I ein artikkel («Hardanger»
1946, s. 30) har eg freista å visa at han må vera identisk
med segnfiguren «Per Islendar» som kring 1550 tok oppatt
øydegarden Fresvik i Ullensvang. Segni segjer at han laut røma
Island for drap, men hadde eigedomar der borte.
1)
1)
Olav Kolltveit: «Jondal i gamal og ny tid», 1953 (s. 55-57).
Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 195
|