genealogy norway
HomeForumQueriesLinksContactSite Map

About me
Ancestor Chart
Search in database
Guestbook
Pioneers
Mythic mutiny
Imprisonment
Send a Postcard
Acknowledgements







Ancestor Chart

Peter Nilsson

Peter Nilsson ble født omkring 1450 på gården Torsnes, Jondal i Hordaland. Han var sønn av Nils Ragvaldson og Herborg Bårdsdatter. Peter var gift, men konas navn er ukjent: Han hadde døtrene:

1. Herborg Petersdatter g.m. Samson Lodinson Sundal
2. Kjerstin Petersdatter g.m. Olav Person Sandven. De hadde sønnen Torbjørn Olavson Sandven.

Den tredje av sønnene til Nils og Herborg på Torsnes var Peter Nilsson. Han synes å ha levt et stille liv hjemme på Torsnes i alle sine dager. Han er første gangen nevnt i 1494 da den «beskedelige svend Peder Nilssøn» møter på herredagen for sin mor og tante, Herborg og Gyrid Bårdsdøtre, i sak med Magnus på Tolo om arven etter Elling Håkonson på Sandvin. Han må derfor være den eldste av brødrene. Som nevnt fikk de tildømt alt løst og fast gods etter Elling. Som et synlig minne etter Peter har det til våre dager stått et steinfjøs på Torsnes. Over døren stod det på ei fjøl: «Lod Peder Niels mure dette fæhus anno MDIV» (1504), jfr. foto nedenfor.


Steinfjøset på Torsnes oppført av Peter Nilsson i 1504

Han er i skattelista 1519. Peter hadde ei dotter, som må ha heitt Herborg, sidan både bestemori og sonedotteri heiter so». Kolltveit endret imidlertid standpunkt da konservator Ivar Skre i 1956-57 fant 3 skinnbrev fra 1620-årene i Stockholm. Det ene av disse diplomene har gitt ny informasjon også om datter til Peter Nilsson. Kolltveit skrev i en kommentar: «Før dette diplomet kom for dagen har me ikkje kjent døypenamnet på dotter til Peter Nilsson på Torsnes. Me har gissa oss til at ho heitte Herborg, likeins som farmors og sonedotteri. Her ser me at ho heitte Kjerstin. Likeins har det tildlegare vore hevda at ho var gift med Torbjørn Olavson Sandvin. Eg har før (soleis i Jondalsboki, s. 703) halde fram at det måtte vere med far hans, Olav på Sandvin, og dette blir stadfestai dette diplomet, der ho er kalla godmor til Olav Torbjørnson på Sandvin».

Ivar Skre har sjøl laget et sammendrag av teksten i skinnbrevet som jeg tar med her:

«Brevet fortel at det har vore usemje mellom Olav Torbjørnson på Sandven og Laurits Johanson på Torsnes på eine sida, og arvingane etter Torgils Johanson, som før budde på Torsnes, på andre sida. Torgils førde økonomisk tap over avlidne Samson Lodinson, som og budde på Torsnes og var ombudsmann for godset til godmor åt Olav og Laurits, Kjestin Persdotter. For dette har dei lide stort tap på Torsnes-godset, og dei har ført sak for å få dette tapet godtgjort.

Det er no kome til semje mellom Olav og Laurits og arvingene etter Torgils. Semja er gjord på vårtinget i Øystese skipreide på Børve 1. mars 1624, i nærvære av Jørgen Brockenhus til Sæbergaard, befalingsmann over Halsnøy kloster og Hardanger len og fleire gode menn, og semja går ut på at Hans (Johannes) Torgilsson frå Fykse for sin brorpart, betalar 15 riksdaler, Brynjulv Sjurson på Nes i Strandebarm sokn og hans medarvinger 15 riksdaler og Olav Lauritsson frå Handagard i Jondal 7,5 riksdaler for i sin systerpart, til Olav og Laurits. Dei på si side seier seg nøgde med dette oppgjeret og gjev avkall på fleire krav for seg og sine ervingar. Dei lovar at dei og ervingane deira ikkje skal
saksøkja ervingane etter Torgils og ikkje tala om saki meir. Til vitnemål har ovannemnde menn sett seglet sitt under og Laurits har skrive under med eigi hand. Dei oppmoder Jens Tomasson, fut over Hardanger len, Nils Ris, sorenskrivar same stad, og Åmund Børve, lensmann, Jon Børve, Laurits Tolo, Guttorm Skeie, Torleiv Samland og Laurits i Steinstø til å hengja seglet under til vitnemål».

Kolltveit har en interessamt kommentar til de slektsrelasjonene som nå ble klargjort:

«Torgils Johannesson Galte budde på Torsnes, som han åtte ein part av, og han har venteleg og brukt noko av det Kjerstin Petersdotter åtte; for både ho og sonen Torbjørn budde på Sandvin i Kvam. Torgils Galte var sagbrukseigar. Årsaki til striden kan ikkje godt ha vore nokon annan enn at han har forhogge timberskogen på Torsnes, og det er
for denne skaden etterkomarane åt Kjerstin Petersdotter krev vederlag av arvingane etter Torgils». 1)

1) Olav Kolltveit: «Jondal i gamal og ny tid», 1953 (s. 55-57).
Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 1957
Olav Kolltveit: «Diplomfund i Stockholm: Vanstyrde Torgils Johannesson Galte Torsnes» Tidsskr. Hardanger 1957.